Vi (familie på fire, barn på 8 og 11) skal nedover til Frankrike med bil, og skal ha ei lita veke i Annecy. Perioden vi er der overlappar med to av TdF-etappane i Alpane (
25. og
26. juli). Eg har aldri sett TdF live før og ynskjer tips til korleis vi best mogleg får opplevd ein (eller begge) etapppen. Ser for meg at vi helst vil oppleve stemninga på eit av passa.
Er det nokon som har tips til kor vi bør køyre, kor vi kan parkere, kor lang tid bør vi rekne på å gå oppover, er det nokre av passa som har fine stiar vi kan bruke som ein tur opp?
Det er dessverre ikkje aktuelt med sykkel for å ta seg fram.
På førehand takk
