Aller helst hadde eg sett at familien vår hadde kvitta seg med bilen, men kona mi har ein jobb der ho køyrer mellom barnehagar som har dårleg kollektivdekking, og bilen er difor eit nødvendig onde.
Sidan me kjøpte vår SAAB 93 for så lenge sidan at dieselmotor var det mest miljøvenlege valet, så begynner pendlinga hennar å utgjere ein relativt stor utgiftpost med dei satsene som er i Bergen nå.
Eg har nå kome over produktet
imove, som er ein form for leasing utan bindingstid og innskot, og der ein leiger bilen for ein månad om gongen.
Sidan bruksområdet for vår bil hovudsakleg er jobbpendling, så tenkjer eg at me hadde klart oss med ein VW e-Up. Denne kan eventuelt supplerast av ein større bil frå bilkollektiv når me skal på tur, om dei 10 dagane i året med annan bil ikkje strekker til.
Det eg ser som fordel med dette er meir forutsigbare utgifter til bilhald, med ei fast månadleg avgift. Og sjølv om det vil kome bomavgift for elbilar i Bergen i løpet av året, så vil dette vere ei mykje lågare takst enn det me betaler for dieselbilen vår nå.
Alt i alt så trur eg ikkje eg kjem til å betale så mykje mindre enn det me gjer i dag, men me kan få ein bil som er 11-12 år nyare, og meir praktisk i kvardagen.
Men min største usikkerheit rundt dette er lading.
Me bur i eit burettslag frå 50-talet, der privatbilismens vekst ikkje var medrekna i prosjektet. Det er eit fåtal parkeringsplasser på burettslagets tomt, men styret har foreløpig ikkje vore interessert i å lage ladeplassar på dei. Eg trur uansett at ventelista på desse plassene er ganske lang, så me tyr heller til gateparkering.
Kommunen har to ladestolpar i nabolaget, og den eine er like ved leilegheita vår. Her ser eg at dersom me ladar mellom kl 20.00 og 8.00 så er maksprisen 30,-. Samanlikna med dieselprisen, så vil dette utgjere minst ei halvering av drivstoffkostnadar, alt etter kor tomt batteriet er før lading.
Men er dette berre slitsomt i lengda? Er det nokon som har prøvd dette?
Eller er det best å vente med elbil til me har fått hus med eigen garasje og ladeplass?