I eit forsøk på å fikse ein dårleg kontakt i framlyset på eltransportsykkelen min så trur eg at eg har svidd noko elektronikk, slik at eg ikkje har spenning til framlykta meir. Sidan lyset på den var greit nok til å bli sett i trafikken, men ikkje så godt til å lyse opp mørke vegar med, så tenker eg det er like greit å oppgradere og skaffe ei eiga batteridriven framlykt.
Dette er ein kassesykkel, slik at plassering av lykta gjer at den ikkje er tilgjengeleg når eg syklar, men eg ønsker å ha moglegheit til å kunne veksle mellom ulik lysstyrke, slik at lykta ikkje alltid står på full guffe.
Eg ser at til dømes Silva har eit sett med automatisk dimming, men fungerer dette i praksis? Og vil denne lykta lyse i dagslys? (Eg syklar mykje på trafikkerte vegar, og ønsker å bli sett på dagtid også)
Eit anna alternativ er Magishine som har trådlaus fjernkontroll. Men desse lyktene som kan programmerast via app, er det mogleg å lage berre to lysmodi, slik at eg ikkje må bla gjennom blinking og liknande for å dimme opp eller ned?