Dersom du elles er fornøgd med sykkelen og har tenkt å ha han ei stund, ville eg sterkt ha vurdert ein krank med 46/30-drev i tillegg til bytte av kassett til 11–32. På langtur med bagasje er det sjeldan ein angrar på lette gir. 46/11 er stort nok for dei fleste til rask landevegssykling (men kanskje ikkje aktive ritt). Tursykkelen min er sett opp med krank på 42/36/26 og kassett på 11–34. Saknar ikkje tyngre. Til samanlikning brukte vinnaren av Transcontinental i år 46/36 på kranken og 13–34 (!) bak. (Det tyngste giret hans er omtrent det same som det nest tyngste giret på sykkelen min, og her er det snakk om ein ekstremt sterk syklist med minimal bagasje.)