Eg har sendt inn min gamle Samsung Galaxy Note 4 til reparasjon etter at den slutta å virke. Telefonen er fire og eit halvt år gamal, så dette skulle vera ein grei garantisak. Det har skjedd liknande med telefonen ein gong tidlegare, og då vart hovudkortet bytta. Nå har eg fått mail frå verkstaden at dette er tilfelle denne gongen også, og at hovudkortet skal bli bytta på garanti.
Men verkstaden har også undersøkt batteriet, og har kome fram til at det har redusert kapasitet. Eg forsøkte å bytte batteri på telefonen før eg sendte den inn, for å sjå om det var batterifeil som gjorde at den ikkje slo seg på. Eg har difor truleg sendt den inn med det gamle batteriet som kom med telefonen, og det har jo sjølvsagt ikkje så god kapasitet.
I vilkåra eg godkjende når eg sendte inn telefonen så står det mellom anna:
Dersom produktet er utsatt for en skade eller mangel som ikke dekkes av garantien, er jeg inneforstått med at jeg får tilsendt et prisoverslag om produktet lar seg reparere, eller spørsmål om jeg vil ha den i retur. Ønsker du retur uten reparasjon, tilfaller det en undersøkelsesavgift.
Eg har nå fått følgande melding frå verkstaden:
Test av batteriet viser en redusert ytelse på %. Batteri er en slitedel som degraderes i takt med brukstid/mønster og kan ikke regnes å fungere optimalt like lenge som resten av telefonen. Enhetens batteri har en garanti på 12 måneder fra kjøpsdato, og gjelder både medfølgende fra salgspakke og som solgt utenom.
Garantien har utløpt.
Sender derfor prisoverslag på nytt batteri.
Ved spørsmål angående garantibestemmelsene eller reklamasjon på batterier, vennligst kontakt Samsung Support på 81556480
hovedkort vil bli byttet på garanti.Prisoverslaget på nytt batteri har eg fått på 427.50 inkl. mva. For 355,- så kan eg få to nye originalbatteri sendt i posten frå ei norsk nettside, så eg synest dette er veldig dyrt.
Men dersom eg velger å få telefonen returnert, så må eg betale 431.25 inkl. mva i undersøkelsesavgift, altså meir enn det koster å reparere den.
Er det nokon som veit kva rettar eg har her? Etter vilkåra eg har godtatt så kan dei jo kreve undersøkelsesavgift for batteri som ikkje er dekka av garantien, men her er jo feilen opprinnelig i telefonen som fortsatt er dekka av garantien?
Eg skal sjekke det når eg kjem heim, men eg er ganske sikker på at batteriet vart bytta utan spørsmål sist telefonen vart reparert, sjølv om telefon og batteri ver eldre enn 12 månadar då også.