Eg har ein gamal Samsung Galaxy Note 4 som kom instalert med appen "Peel remote", som eg her brukt litt innimellom når fjernkontrollen har vore utilgjengeleg og eg til dømes har hatt småborn på fanget. Nå har denne appen gradvis blitt meir aggressiv, slik at det til stadighet popper opp vindu med reklame, og den har også begynt å gjere forsøk på å lage autooppsett for enhetar som ikkje er mine, men som er på same nettverk. Eg har forsøkt å slå av dette i intillingane, men med neste oppdatering så vert desse innstillingane tilbakeført.
Eg vil difor ha ein ny app nå, men det er eit vell av ulike variantar, og veldig varierande på kor mykje, og kva type tilbakemelding dei får. Er det noko som bruker dette å har noko å anbefale? Eg treng moglegheit til å kontrollere både TV, GET-boks og forsterkar med det oppsettet eg har nå.
Eg kan godt betale for ein app som er god, men sidan eg ikkje bruker dette så veldig ofte, så er eg ikkje interessert i å betale for noko som ikkje passer min bruk.