Like før sommarfeiren så vann eg to årsmedlemskap på treningssenter i "Sykle til VM appen." Sidan det ikkje stod noko om innvekslingsfrist så tenkte eg å vente til etter ferien med å aktivere medlemskapet. Men når eg kom tilbake frå ferie og tok i bruk appen igjen så oppdaga eg at denne eine premien ikkje var der meir, men alle andre kupongar eg hadde vunne framleis var der. Men eg har eit skjermbilete av premien frå dagen eg vann den, sidan eg sendte bilete av kupongen på Snapchat til kona mi.
Er det nokon som har noko formeining om kva rettar eg har i ein tviste her?
Brukarvilkåra har eit punkt om ansvarsfråskiving der det står
"Leverandøren fraskrives ethvert ansvar for skade eller tap som følge av bruk av Appen eller premier vunnet gjennom konkurranser tilgjengelig via Appen."Denne setninga er så uklart formulet at eg forstår ikkje heilt kva dei meiner, men dette gjeld vel eigentleg tap ved bruk av premiar, og ikkje tap av premiar?
Eg har vore i kontakt med leverandøren, og fekk til svar at dei skulle sjå på det, og etter det har eg ikkje høyrt meir. Men i same mailen så fekk eg tilbod om gåvekort på Danskebåten frå Bergen for fire personar. Dette er jo eit tilbod som eigentleg er lettare å nytta seg av enn treningssenter, sidan eg er fulltidsstudent og me har to små ungar. Samstundes så klarer ikkje den gjerrige studenten i meg å slå seg til ro med at eg utan varsel har mista ein premie med verdi på over 13.000,-.
Burde eg ta opp kampen (og korleis bør eg gjere det?), eller burde eg ta til takke med eit helgecruise til Danmark og vere nøgd med at eg fekk ei erstatning?