Så skulle eg flytte nokon Elixir-bremser frå ein sykkel eg ikkje brukar til fruen sin sykkel. Måtte lufte dei.
Eg har eit "universal-sett" som eg har brukt i mange år, som passer juicybremsene på min sykkel.
På Elixir, passa skrudingsen til kaliperen, men lufteskruen på hendelen var større diameter, og eg har visst ingenting som passar.. Det vart lufting med jungelløysing, men eg vil jo ha ting som passar skikkeleg.
På dei luftesetta til avid/sram som eg finn, står det kun kompatibilitet med X0/XX/Guide/Level/HydroR. Eg klarar ikkje å finne at nokon sikkert passar Elixir.
I tillegg treng eg å korte ein bremseslange (Elixir), men har ikkje olive/fittings for dette. Dette finn eg heller ikkje spesifikt til Elixir. Passar andre ting?
Hjelp tips og råd mottas med takk og bukk