Svigermor har snart fødselsdag, og ho har ønska seg ein liten kikkert som ho kan ha i veska på reiser. Eg har søkt litt på nett, og finn mykje som er både over og under budsjettet vårt på rundt 1000,-
Men eg vert ikkje heilt klok på kva som eigentleg er den store forskjellen på modellane, og kvifor det er så enorm prisforkjell på tilsynelatande like modellar. Eg skjønner jo at dette har med presisjon i optikken å gjere, men kor ligg skjæringspunktet på det som er både billig og bra?
Ho har mellom anna nevnt at det er noko ho kunne tenkje seg å ha med seg når ho reiser med Hurtigruta, så til bruk i rørsle så er vel 8x nok forstørring?


Andreas Tveit