Dersom det er ei meteor steiketakke du har så har den ikkje termostat, og dei ulike trinna på regulatoren avgjer berre kor lenge varmelementet er innkopla. Eg trur* difor at takka er så enkel konstruert at det ikkje er problem å dimme den. Det betyr at den magiske dingsen kunne ha vore ein ledningsdimmar, men dei trur eg ikkje finnes store nok til å takle lasta frå ei takke på 2000W.
Eit alternativ kan difor vere å peike tilbake til mi tidlegare karriere som lysteknikar. Det finnes ein del ein kanals dimmerar med fader for laster opp til 10A. Eg fann ingen brukte på Finn nå, men du kan kjøpa ein
ny til
litt over
tusenlappen . Eventuelt om dette er noko du er interessert i så kan eg fiske litt hjå kontaktane mine om det er nokon som har noko slikt liggande som dei kan selje for ein billig penge.
*ordlyden "trur" betyr ei ansvarsfråskriving frå meg om dette ikkje stemmer...