Har leita litt rundt uten å bli særlig mykje klokare, men her inne er det jo tett mellom dei kloke - så eg fyrar laus;
Eldste guten er på full fart til å vekse ut av 24-tommers terrengsykkelen, og eg får tak i ein brukt Canyon-sykkel med XS-ramme og 27,5-tommers hjul til hausten.
Den er jo rittkøyrd (av ein rekrutt) i to sesongar, og kombinert med junior si lyst til å kopiere 1x11-oppsettet til pappa (utan særlige protestar kan ein vel legge til) er deleshoppinga i gang. Drivverk bak er i boks med SunRace 11-46 kassett og Sram GX girspak og girvekslar.
Krank står att, og eg trur ikkje eg handlar før eg har sykkelen i hus, da eg ikkje er sikker på kva som sitt på den no av dimensjonar. Hadde tenkt meg 165 mm. armar sånn i utgangspunktet, men etter å ha målt armane på sykkelen han har no til 150 mm. vart eg litt i tvil om 165 mm. kanskje blir litt langt. På den andre sida er jo håpet at denne sykkelen kan følge han i alle fall i to år.
Kva er synspunkta til den godt skolerte menigheita?