Har overtatt pappa sin gamle racer og har lyst å restaurere denne til mint condition. Har ikkje sett for meg at den skal vera heilt original, men heller med tidsriktige deler og utsjånad. Skal være i bruk dagleg, så skal ikkje utelukkande henge til pynt i stova. Har prøvd å finne ut av årsmodell, men ikkje kome fram til noko endeleg. Heller ikkje alt av deler som er originalt. Tips og triks til deler eg burde skaffe meg, og fargetema eg burde gå for? Fristar veldig å få laga eit sete fra sykkelskreddaren, samt få matchande skinn på styret..

Utstyr: Originalt "nobrand" framhjul på Normandy-nav og ståleiker, shimano 600 girgruppe med trinnlause vekslarar, uoriginalt Campagnolo bakhjul, original cockpit med Motobecane styre og Weinmann bremsehendlar, truleg original setepinne med nobrand uoriginal sadel.




Redigert av SimonU; 17/07/2016 22:03.

- Ein dag utan sykling er ein dag utan meining -