Sjukehuset i kristiansand er lett å finne. På baksida/oppsida er der ein parkeringsplass (ved "lindrende avdeling") som er fin å bruke til evnt bil. Derfrå går det ein kjerreveg "rett opp", som etter kvart blir ein sti. Stiane deler seg heile vegen, men det finnes veldig mykje gull i dette området, som kallast bymarka.
Kan vere greit som utgangspunkt å prøve å komme seg opp på toppen i første omgang.
Ellers er jegersberg eit veldig fint område, med stiar på kryss og tvers og overalt. Jegersberg ligg tett opp til Universitetet i Agder på Gimlemoen, og bør også vere greit å finne. Anbefaler å sykle bak universitetet og opp forbi barnehagen som ligg der på høgre side. Følg vegen bortover og oppover til den vert ein grusveg og fortset eit stykke til, til du kjem til ei skytebane. Derfrå kan du ta sti både til høgre og venstre, eller fortsette endå eit stykke og ta ein eller annan annan sti. Dei fleste stiane heng saman i kvarandre på eit eller anna vis, i eit hærleg kaos som tar lang tid å få oversikt over.
Ellers er kjerrane eit veldig fint område, og langenes/søgne, men blir omfattande å ta for seg alle. Felles for det meste i krsand, er at det er store stinettverk som kan verke kaotiske og gjere at retningssansen får utfordringar.
PS:
Litt løypeoversikt
her