Eg har tenkt å sykla ein tur frå Sognsvann i kveld (onsdag), og det er moro om fleire blir med!
Har i utgangspunktet tenkt å sykla stien som ohw synte meg måndag, som er litt meir teknisk enn "normalvegen" til Ullevålseter, men er med på kva som helst, eigentleg. Stiane til Korsvoll er også finfine, det finst massevis i mange retningar.
Start: Sognsvann T-banestasjon klokka fem over seks - det kjem ein T-bane dit då som eg ventar på.
Avslutning: To-tre timar seinare, enten på Sognsvann eller på stien ned til Rikshospitalet (nær trikk og T-bane det også).
Tempo / nivå: Roleg tempo, me tek oss så god tid at alle har det moro, og me stoppar og prøver fleire gonger på vanskelege ting dersom det er stemning for det.
Eg tek med multiverkty og pumpe / lappesaker.
Mobilnummeret mitt er 930 41 996, eg kan venta dersom nokon slit med å nå fram i tide.
Bli med du også, jo fleire folk jo meir moro!
mvh asm <img src="/forum/arena/images/graemlins/smile.gif" alt="" />