Måtte skifte kassett (etter at tre tenner knakk....) og merka med ein gong at kjedet som stod på var for slitt, så bytta det og. Brukte teknikken med å legge kjede rundt største ring framme og bak, då eg gjekk opp frå 32 til 34 tenner.
Første tur hadde eg ein del glipp med ikkje alt for stor kraft og tenkte at giret trengte ein justering. Tok ein kjapp justering før tur i går og ting såg fint ut, men slit framleis med at kjeda glepp. Kva er det eg ikkje har tenkt på? Er snakk om 3x9 med XT-bakgir og SLX-kassett.