Blei gjort oppmerksom å denne tråden idag og skal svare ut litt av spørsmåla.
A- sporet ved hopptårnet blir ikkje brukt på rittet i år. Den er fullt sykkelbar, men i rittsammenheng litt for skummel i svingen nederst. Må jobbast meir med.
A-sporet i skogen bak Hovedgården blir heller ikkje brukt i denne omgang. Det dukkar stadig opp glassskår og ymse, så det må ryddast meir. Det blir derimot ei A-linje litt etter dette, før løypa kryssar grusvegen. Den er godt skilta. Litt skummelt drop på slutten, så sjekk den ut før rittet. B-sporet er snilt.
Dei to spora ved den omtalte "rock-garden" blir under Kalas cup brukt som likeverdige spor med valgfri rock-garden.
Største utfordring er at løypa er litt kort - vi håpar å forlenge den på sikt og rydde fleire alternative stiløp slik at det er mogeleg å komme forbi fleire stader. Som sagt - løypa er ny og vi vil gjerne har fleire tilbakemeldingar!
Om ikkje lenge vil også den nye pumpe-banen bli ferdig, så då er det berre å komme og leike seg!