Støttar GeirK her, chainreactioncycles er vanskeleg å slå på både pris og utval. Eg tilbringar sommaren i Manchester, og har bestilt frå CRC to gonger. Varene har komme dagen etter at eg har tinga dei. Nix toll og moms og porto, berre låg pris. Det er mogeleg at du må ta kontakt med CRC på førehand viss du skal få levert til hotellet, men dei er ikkje vanskelege. Fyrste gongen eg tinga noko derifrå måtte eg stadfesta at eg var meg sjølv via nokre epostar, men det gjekk greitt.
Var i London for ei veke sidan, og det er nok av andre ting å bruka tida på enn sykkelbutikkar, i alle fall viss du har din betre halvdel med deg ... (eg har tillete meg å basera den siste utsegna på ei dristig antaking om at jenter generelt er litt mindre lidenskapelege til sykkeldeler enn den gjengse herremann på dette forumet).
God tur, gled deg til London!
asm