Vart ein relativt strabasiøs første-tur på Fossestien....
Parkerte nede ved Viksdalen og sykla innover asfaltvegen eit godt stykke. Ny sykkelcomputer gjorde at eg ikkje fekk målt distanse, men eg reknar ca. to mil og 500 høgdemeter. Starta der frå ein støl og fekk sykla ca 1/3 av distansen ned att før eg måtte gje meg pga dårleg tid...
Fossestien med sine ca 22 km sti ser i seg sjølv ut som ein seriøs epic,men den delen eg sykla var desverre prega av litt for mykje serdeles teknisk krevande sti. Likevel kom eg til områder med veldig artig "sauetrakk" aka "singeltrack" og ein del myrer var lett forserbare då det var lagt opp med telefonstolpar og plank i beste "nort shore" stil...artig!
Tar nok turen ein gong til i nær framtid for å sjekke ut resten av stien nedover frå Likholefossen der eg måtte gjere vendereis. Her reknar eg med at den finaste delen er med noko lettare terreng, men det vil nok kreve opplett og fint vær då det kan bli noko sleipt på alt treverket hvis det er for vått.
Konklusjon: Ikkje ta turen i den øvre delen ned til Likholefossen med mindre du er ein sinnsyk teknisk rytter......(eg veit at dåkke finst...) På ei anna side er nok den resterande delen den beste med flest antall høgdemeter å forsere....
PS: Turen var prega av nye pedalar som var vanskelege å løyse og ein computer som berre ville vise høgde over havet.....he, he...noko som resulterte i unormalt mykje kolling og forvirring rundt tilbakelagt distanse..men eg er villig til eit nytt forsøk!
Gje beskjed om du er keen på følge på Gaularfjellet, eller ein annan plass i Sunnfjord for den del...Uzzi'en min e alltid klar!
Arne