Eg har ein Samsung Galaxy Note 4, som har fungert utmerka i halvanna år. Eg skriv på nynorsk men, men det lærte eg den fort med å laste inn SMS frå den gamle iPhonen min. Men nå nyleg har ordlista bestemt seg for at neste alle ord eg skriv på nynorsk er særnamn som skal skrivast med versal. Dette gjer at til dømes ord som "eg", "ikkje", "dei", og liknande vert ståande med stor bokstav om eg ikkje rettar telefonen min igjen. Dettte slår jo spesielt dårleg ut om eg skal skriva ei melding litt kjapt. Eg har ikkje fått med meg nokon oppdateringar på telefonen som kan ha gjort dette. Om eg veleger "lær fra meldinger" i innstillingane så fungerer det det neste gongen tastaturet er oppe, men så er det tilbake til den same tralten etterpå.
Er det nokon som har eit godt tips til kva eg kan gjera?