Har V800 og er veldig veldig nøgd. Den kan brukast til mykje anna enn sykling og. Eg har lagt til mange treningsprogram til favorittar. Som bla Intervall på sykkel eller joggetur. Der du kan legga inn enten pulssonar (1-5), hastigheitssoner (1-5) over eit gitt tidsrom eller lengde (meter) på draga.
Per i dag har eg følgjande sportsprofilar på klokka; Sykling, Spinning, Løping, Annen innendørs (elipsemaskin), Styrketrening, Kampsport, Volleyball, ballspill og multisport (triatlon). Sistnemnte er ikkje blitt brukt enda.
Nå har Polar også fått integrering med Stava. Ikkje at det var noko problem å legga det over sjølv.
Ellers liker eg Ortostatisk test delen som kan hjelpa deg med om du kan kjøra på eller ta det litt roleg i dag. Har også ein fitness Test som kan fortella deg litt om VO2 nivået ditt og utviklinga på den. Eg fekk klokka i sommar og i følgje klokka har eg gått frå 48 til 70. Kor nøyaktig testen er veit eg ikkje...
Om du skal gå for 400 eller 800 kan eg ikkje svara på. Skal den KUN brukast til sykling ville eg kanskje gått for 650. Der får du opp kart, eller?