Eg har fått tak i ein DBS spesial, muligens frå 70-talet, som eg har fått satt tilbake i drift etter litt mekking. Det einaste som ikkje fungerer no er lykta. Etter demontering og inspisering av lykta ser det ut som lyspærene er i orden. Desse er uansett nagla fast i lykta så det er ikkje eit alternativ å bytte dei. I så fall må eg bytte heile lykta. Eg velger difor å gå laus på dynamoen istaden. Ledningen frå denne til lykta ser tilsynelatande intakt ut, og der stopper min fantasi for kor eg skal starte problemløysinga. Nokon som har tips til kva eg må gjere for å få lys i lykta mi?