Rulla er lett brukt gjennom 1 vinter. Eg selg den pga. husrenovering og plassmangel. Den fungerar som om den var ny. Av synlige bruksmerker så er litt av gummitapen på ramma litt slitt pga. på-/avstigning, dette er reint kosmetisk.
Om du ikkje har prøvd balanserulle før så treng du to-tre økter før du får det under kontroll. Dei to småhjula på begge sider av framhjulet reddar deg frå mange velt i starten. Sidan rulla også er plassert oppå ei flytande ramme, får ein totalt sett ein ganske OK sykkelfølelse.
Generelt så er denne rulla veldig enkelt å kome i gong med og sørgar for å halde sykkelforma på eit greit nivå gjennom vinteren.
På PCen så kan du i tillegg til tid, avstand, snittfart, etc, også sjå effektforbruk og kadens. Har du ANT-kompatibelt pulsbelte får du også med puls. I tillegg til forhåndsdefinerte løyper kan du også legge inn ruter via google maps der stigninga blir reflektert i motstanden i rulla. Du kan også bruke rulla med app (iOS/Android) og også sykle mot andre som har same rulle.
Rulla selgast også med 2 stk. dekk til rulle (standard landeveistørrelse).
