Terrengsykling i Etiopia er stor stas! Eg budde i landet i 3 år og sykla nokon tusen kilometer på sti i løpet av dei åra. I området rundt Addis Abeba finn ein alt frå flotte XC og tekniske stiturar i kuppert terreng, til meir enduro/downhill orientert sykling - gjerne med innleidd bilskyss opp dei lengste klatringane. Terrengsykkelmiljøet i Addis Abeba består av både lokale og tilflyttarar. Dei fleste terrengsyklistar syklar på kjerrevegar og enkle stiar. Her finn ein både lokale og expats (utanlandske tilflyttarar). Er færre personar som syklar meir tekniske stiar og downhill. Alle syklistar som driv meir teknisk terrengsykling er expats. I dag er det vel Ken og Steve som er dei mest aktive, i alle fall på enduro/downhill.
Ein av grunnane til at mange held seg borte frå den mest hårete syklinga er at du helst ikkje vil skade deg ordentleg i Etiopia. Det kan være langt til sjukehus og kvaliteten på sjukehusa er dessverre langt frå kva vi er vant til (sjølv om tilbodet blir stadig betre).
Ein kan nok finne turoperatørar som skryt på seg at dei tilbyr terrengsykling, men då er det nok snakk om sykling på grusvegar med kjipe leigesyklar. Bruk heller gruppa Mountain Biking Ethiopia på facebook,
www.openstreetmap.org og google earth for å planlegge tur til ein fantastisk sykkeldestinasjon. Eller send meg ein PM, så kan eg og bidra med info sjølv om det er 2 år sidan eg flytta frå Etiopia.
Skubisan: Bilda er frå fjella rundt hovedstaden Addis Abeba. Ingen kaffeplantasjar der. Så vidt eg veit er det fort 1 dags kjøring frå Addis før du kjem til områder med kaffeplantasjer.
Pokker… no fikk eg alvorleg lyst til å dra tilbake igjen! Kanskje til jul...
-Vegard