Hei!
Eg er ute etter å kjøpe ei ny sykkelrulle men, kresen som eg er, brukar eg lang tid på dette. Tidlegare hadde eg ei rulle av typen Tacx Satori men, problemet med denne var at wiren som gjekk frå justeringsspaken, byrja å ruste. Dette skjedde også med samtlige av mine kamerater sine Satori ruller.
For om lag eit år sidan, sendte eg ei melding til Tacx der eg tok opp dette problemet og lurte på om dei hadde forbetra dette i den nye Booster.
Dette var svaret eg fekk:
"Hello Bjornar,
We have seen this with some satori trainer.
ON the Booster we use the same cable, so these are the same.
The cable can be replaced, but then you need to be technical and order this spare cable so you can replace this.
We will forward the comment to our R&D team"
På dette grunnlag er eg svært skeptisk til å kjøpe sykkelruller med kabel.
Eg innser at det neste steget, kabellaust, vil vere ein god del dyrare, men det får gå.
Til sak, eg er interessert i å høre kva erfaringar dykk har til Elite Qubo Digital, som Bikeshop over lenger tid har annonsert på sidene sine.
http://bikeshop.no/Sykkel/Ruller/Med-com...004-p0000024148(Av det eg les på nettet har problemet med denne rulla vore ukorrekte wattmålingar).
Tar også gjerne imot andre forslag!
Mine preferansar, er:
- Eg må kunne justere motstand manuelt
- Helst under 5000,-
På førehand, takk for svar!
Bjørnar