Om du er ute etter eit måltid litt utanom det vanlege, vil eg anbefala "Bror", som ligg berre nokre minutt nord for Strøget.
http://www.klikk.no/mat/spise/article865400.ecehttp://www.restaurantbror.dk"Tight" er og å anbefala, ligg i ei sidegate til strøget. Veldig god burger, og brukbare blåskjell ihvertfall.
http://www.tight-cph.dkI tillegg kan eg god for Sticks'n sushi. Prøv å få booka bord i restauranten i Tivoli hotel, og innta måltidet til utsikten frå 12. etasje.
Når det gjeld frukost/lunsj er det ein del hyggelege små kaféar like nordvest for Strøget, i området rundt universitetet.
Om du er villig til å flytta litt på deg vil eg absolutt anbefala pizza på "Mother" i Kødbyen, eit lite kvarters gange frå Strøget. Går du Victtoriagade nedover kan du jo óg ta ein øl hjå tidlegare nemnde Mikkeller, som og har ein smørbrødrestaurant i nabolokalet til baren. Tar du Istedegade videre nedover kan du kjøpa deg eit par flasker øl i Ølbutikken og drikka i ein park eller gate seinare på dagen (evt setja deg net og nyta ei flaske i butikken).
Flyttar du deg litt lengre vil eg anbefala området Nørrebro, som er ein slags Københavnsk hybrid av Grünerløkka og Grønland. I Stefansgade og Jagtvej og området rundt er det lassevis med fine og interessante små sjapper og restaurantar. Prøv f eks "Grød" som serverar graut til alle måltid og anledningar, kjempegod havregraut, men dei har óg ein del andre meir kreative måltid. Rett nedi gata finn du Mikkeller sin andre pub i Køben, som er litt større enn den i Viktoriagade, og i tillegg har egen bottleshop.