Eg har ein iPhone 3G som fylte fem år tidlegare i månaden og byrjar å bera preg av alderen. I søken etter ny telefon har eg sett litt på Samsung Galaxy Note 3 med ein draum om at den skal kunne fungera som notat og teikneblokk på skulen.
Etter litt søken har eg funne ut at
phablet er eit begrep, og at det finnes fleire alternativ på markedet. Men dei testane eg finn fokuserer mest på lyd og skjerm, og seier ikkje så mykje om kva phablet som er best å teikne og skrive på. Så:
- Fungerer i heile tatt nokon av phabletane som skisse og notatblokk?
- Kva er i såfall den beste?
Eg har ein Sonim XP3300 med tvillingsim, så den nye telefonen treng ikkje passa i bukselomma. Er det jo større, jo betre som tel då?