Eg testar Hutchinson Sector 28 tubeless, på lager hjå Stians Sport. Dei måler rett over 27 mm på smal Campa-felg. Smatt på håret inn i bakramma på min Ridley Damocles, god plass i framgaffelen.
CXen min rullar på 27 mm Parigi Roubaix frå Challenge, dei er skikkelege ballongar på nesten 31 mm på HED C2 felg. Smidige og lekre, 260 tpi open tubulars.
Hvorfor i all verden tar ikke nettbutikker og butikker generelt inn disse dekkene, til tross for stor etterspørsel?
Etterspørselen er nok ikkje så stor som me trur enno, massane kjøper fortsatt 23 mm. Og den andre hindringa er at mange rammer ikkje har plass.
Eg snakka engasjert med ein engelsktalande syklist om dette ein dag, han heisa på skuldrene og svara "But why?". Eg hadde gode argumenter, men måtte le litt av diskusjonen. Luktar vel litt i-landsproblematikk og eg burde såklart svara tørt "because I can".