For eit drygt år sidan blei eg kontakta av Reisemål Stryn og Nordfjord for å sjå nærmare på moglegheitane for ei satsing på stisykling i området. Bakgrunnen for dette var ein auka etterspurnad etter guiding og stiar i området. I tillegg er reiselivsbedriftene i området interesserte i eit auka aktivitetstilbod vår, sommar og haust.

Vi starta roleg med eit forprosjekt støtta av NCE tourism. Her ville vi sjå på marknaden og potensialet i regionen. Rekognosering av sti var og ein viktig del av dette prosjektet.
Resultatet av stileitinga så langt finn du her:
Sti Nordfjord 
No er forprosjektet snart i mål, og med grunnlag i det vi fann, søkte vi i haust Sogn og Fjordane fylkeskommune om infrastrukturmidlar til å iverksette noko av det vi såg behov for.
Søknaden blei sendt inn i samarbeid med fleire reiselivsbedrifter i området, Folven Camping som satsar på sti og utforsykling tilknytt campingen. Harpefossen skisenter som opna nybygde utforløyper i haust, og Nordfjord Folkehøgskule som har rydda mykje sti tilknytt skulen på Sandane. Vi har og fått kommunane med oss i arbeidet.
Denne veka fekk vi svar, og tildelinga var over all forventning. Vi fekk 650000 over ein treårsperiode som skal brukast til alt frå stileiting til kompetanseheving og marknadsføring.
Sidan dette er noko som gagnar oss stisyklistar vil eg bruke denne tråden til å informere om arbeidet, men og til ris, ros og gode innspel. Forhåpentlegvis vil mange av dykk få lyst til å ta turen for å teste stiane, og vi treng all input vi kan få.
Fullstendig presseskriv finn du her:
Stiprosjekt Nordfjord