Poenget er jo berre å dekkje til kne og lårmuskulaturen. Våt nederst på beina blir du uansett om det renn eller ikkje. Og køyrer du med litt fart så vil vel det meste renne av på sida? Det meste av sprut bakfrå stopper ein med skjerm. Eg tykte den fungerte greit, bortsett frå at selene hekta i setet av og til når eg skulle reise meg, eller gå av og på sykkelen. Om ein ikkje held seg 100% tørr, så hjelper det i alle fall bra for å halde varmen når du har berre tynn tights under.