Forrige tråd
Neste tråd
Print tråd
Side 2 av 2 1 2

Byggetråd, Turner Sultan 29er

Re: Byggetråd, Turner Sultan 29er [Re: torhovl] #1700916 17/10/2013 15:48
Registrert: Apr 2006
Innlegg: 464
torhovl Offline OP
Entusiast
OP Offline
Entusiast
Registrert: Apr 2006
Innlegg: 464
No er det ei stund sidan førre oppdatering. Sist veke var vi på ferie på Sicilia, og då vi kom heim var det, ikkje uventa, ein del post som venta på den lokale post i butikk:



Kva kan alt dette vere, då?



Nettopp, ja! Og inni der?



Ikkje verst! Som de sikkert ser, så er ikkje alt dette relatert til byggeprosjektet, men mesteparten er. Både gaffelen og felgane ser veldig lekre ut.

Her er også 2x10 girhendlar:





Og bakgir med kløtsj:



Tor Hovland
Re: Byggetråd, Turner Sultan 29er [Re: torhovl] #1700918 17/10/2013 15:54
Registrert: Apr 2006
Innlegg: 464
torhovl Offline OP
Entusiast
OP Offline
Entusiast
Registrert: Apr 2006
Innlegg: 464
Og som om ikkje dette skulle vere nok, så låg det også ein pakke til meg på den lokale Ica-butikken:







Då er jo det meste på plass! Kva er det som manglar? Jau, eikane frå bike24. Trackinga viser at dei brukte 5 dagar med DHL frå Tyskland til Oslo, og at dei no har blitt liggande i 10 dagar (!) til fortolling der!! Heilt utruleg, spør du meg.


Tor Hovland
Re: Byggetråd, Turner Sultan 29er [Re: torhovl] #1700964 17/10/2013 17:37
Registrert: Apr 2013
Innlegg: 52
A
andycandy Offline
Medlem
Offline
Medlem
A
Registrert: Apr 2013
Innlegg: 52
Flott prosjekt!,, ser at andre også har planer for vinteren... Ser at du blander Sram og shimano, er det uproblematisk?

Re: Byggetråd, Turner Sultan 29er [Re: andycandy] #1701590 18/10/2013 16:16
Registrert: Apr 2006
Innlegg: 464
torhovl Offline OP
Entusiast
OP Offline
Entusiast
Registrert: Apr 2006
Innlegg: 464
Det einaste som Shimano og SRAM er absolutt ukompatible på, er vel bakgir og girhendel. Så det har eg passa på. I tillegg køyrer eg same fabrikat på kjede, krank og framgir, fordi eg er lei av chain sucks, og vil minimere risikoen for det.

Utover det har eg valt komponentar fritt. Der eg får blanding er mellom SRAM kjede på Shimano kassett og Shimano girhendel på SRAM framgir, og ingenting av det skulle ha betydning, trur eg.


Tor Hovland
Re: Byggetråd, Turner Sultan 29er [Re: torhovl] #1701604 18/10/2013 16:44
Registrert: Apr 2006
Innlegg: 464
torhovl Offline OP
Entusiast
OP Offline
Entusiast
Registrert: Apr 2006
Innlegg: 464
Sitat: torhovl
Kva er det som manglar? Jau, eikane frå bike24. Trackinga viser at dei brukte 5 dagar med DHL frå Tyskland til Oslo, og at dei no har blitt liggande i 10 dagar (!) til fortolling der!! Heilt utruleg, spør du meg.

Ingen oppdatering på trackinga til DHL, men utan å ha særleg trua prøvde eg likevel sporingsnummeret på posten.no, og der spratt det sanneleg opp melding om at pakken er hamna på tollager pga. manglande faktura frå butikken. Eg leita gjennom bunken med brev som kom medan eg var i Sicilia, og der var det ganske riktig melding frå Bring om at eg måtte sende dokumentasjon på kva eg har betalt for varene. Så då har eg sendt dei epost. Får håpe dei oppdagar det før pakken går i retur.

Tilbake til bygginga. Det er på tide å få montert på gaffelen. Då må vi fyrst ha på crown race:



Normalt ville eg ha banka det på med desse hjelpemidla:



Men sidan dette er ein seriøs byggetråd og den nemnte metoden er den minst anbefalte av alle, syntes eg at eg måtte finne på noko anna. Då kom eg på MortenML sitt tips her på forumet, og bestemte meg for å prøve det. Etter litt enkel saging sat eg med dette:



Den var det berre å dytte rett på med fingrane:



Og dermed er vi kome så langt:



Neste steg er å kappe gaffelrøret. Eg har litt skrekk for å kappe for mykje av ein svindyr gaffel, så eg tek med eit heilt tårn av mellomringar i fyrste omgang, og så kan eg heller kappe meir når eg veit korleis eg vil ha det. Stemmet er ein av komponentane som eg inntil vidare har teke frå ein eldre sykkel. Kanskje blir det erstatta seinare.





Med eit slikt verkty er det forbausande fort gjort å kappe gaffelrøret, sjølv med denne billige Biltema-greia som har blitt litt lealaus etter eit par tidlegare kappingar. Resultatet vart i alle fall heilt greit:



Tor Hovland
Re: Byggetråd, Turner Sultan 29er [Re: torhovl] #1701606 18/10/2013 16:46
Registrert: Apr 2006
Innlegg: 464
torhovl Offline OP
Entusiast
OP Offline
Entusiast
Registrert: Apr 2006
Innlegg: 464
Så skal vi ha oppi stjernemutteren. Det har eg faktisk offisielt verkty til!





Etter litt banking:



Dermed er det berre å skru det heile i hop:



Tor Hovland
Re: Byggetråd, Turner Sultan 29er [Re: torhovl] #1703306 22/10/2013 17:17
Registrert: Apr 2006
Innlegg: 464
torhovl Offline OP
Entusiast
OP Offline
Entusiast
Registrert: Apr 2006
Innlegg: 464
På med kranklageret:



Og kranken:



Utover det har eg montert på eit styre, ein gamal setepinne og eit sete. På det tidspunktet måtte eg berre prøve å skifte framnavet til 15mm og montere på hjul, sjølv om eg ikkje har bygd om hjul frå 26 til 29 enno.



Eg har fått med med at Terrengsykkel meiner styret skal vere breidt og flatt. Eg har både breie og flate styre, men ikkje i kombinasjon. Så inntil vidare har eg funne fram eit ubrukt KCNC-styre frå den tida eg dreiv og importerte slikt. Det er heilt ordinært aluminium, og ikkje Scandium-aluminium som KCNC nok er meir kjent for, så styret er nesten 400 gram. Det blir nok skifta ut etterkvart.

Men det beste av alt er at eg akkurat har vore på posten og henta det siste eg har venta på: eiker og niplar. Som de ser la eg ein dekktrykksmålar i handlevogna også.



Tor Hovland
Re: Byggetråd, Turner Sultan 29er [Re: torhovl] #1704742 25/10/2013 14:33
Registrert: Apr 2006
Innlegg: 464
torhovl Offline OP
Entusiast
OP Offline
Entusiast
Registrert: Apr 2006
Innlegg: 464
I går var det hjulbygging:



Eg var litt spent på om eikane hadde riktig lengde, for eg fann ingen eikekalkulator som hadde informasjon om kor mykje ekstra eg trengte når eikene skulle straight-pull (altså heilt rette). Men etter litt samanlikning med 26er straight-pull eikene i forhold til det eikekalkulatoren sa, resonnerte eg meg fram til at eg trengte 300mm. Det såg heldigvis ut til å stemme bra. Men eg bestilte litt ekstra lange niplar, just in case.

Dermed er det ikkje så mykje som står att:



Her er det ein fin miks av gamalt og nytt utstyr. Som nemnt skal mykje av dette bytast ut etterkvart. Ikkje minst dei temmeleg nedslitte og ikkje så veldig breie dekka. Har tenkt å gå for eit slangelaust oppsett då. Enn så lenge har eg slange i dekka.

Jada, bremseslangen er for lang. Til bakbremsa også, tenkjer eg. Eg har køyrt med det slik fleire sesongar på den gamle sykkelen utan at eg har brydd meg om det, men eg burde vel kappe litt, ja.


Tor Hovland
Re: Byggetråd, Turner Sultan 29er [Re: torhovl] #1705282 27/10/2013 08:45
Registrert: Apr 2006
Innlegg: 464
torhovl Offline OP
Entusiast
OP Offline
Entusiast
Registrert: Apr 2006
Innlegg: 464
OK, då er sykkelen ferdig i denne omgang:



Vekta av alle delane skulle bli 12,9 kg (inkl. pedalar), men fiskevekta seier 13,25 kg. Det vil uansett seie under 13 kg utan pedalar, og det er vel ikkje så verst for ein fulldempa 29er i storleik XL. Eg skulle kunne slanke styre og sete litt, men på den andre sida står det litt for puslete dekk på no.

Som nemnt er det fleire ting eg har tenkt å oppgradere, men eg kunne i alle fall ha maiden voyage på den i går. Det vart ein tur til toppen av Bergskaret og tilbake same veg, deretter til Stykket og ned til Lian. Det var litt regn og dermed ganske vått føre.

Eg var mest oppteken av å kjenne på dempinga framme og bak, og det er ein fin følelse når begge endar er i balanse slik at ein kan gynge heile sykkelen opp og ned med kroppen. Sjølv om eg køyrde med kanskje litt i overkant mykje sag, og med gaffelen i Descend-modus heile vegen, så syntest eg ikkje det var noko plagsom gynging. Men det kan jo hende at sykkelen blir meir tråkkeffektiv og dermed raskare i ritt med litt meir selektiv bruk av CTD og ProPedal.

Bakdempinga var spesielt smooth over litt skarpe kantar i god fart. Då eg køyrde over eit av plastrøra som stikk opp på tvers over løypa mellom Stykket og Lian kjende eg eit tydeleg dunk i framhjulet, men ingenting i bakhjulet.

Eg var litt usikker på om ramma kom til å vere litt i største laget for meg. Det var grunnen til at eg satte på det kortaste stemmet eg hadde (80 mm). Men sykkelen kjennest heilt fin ut rett "ut av boksen," og eg har ikkje hatt behov for å finjustere noko som helst enno.

Ein sak eg synest er litt skuffande er at ramma ikkje verkar veldig stiv sidevegs. Når eg står ved sidan av sykkelen og ristar den lett i styret, kjenner eg at bakramma ikkje svingar i takt. Og når eg syklar framover og provoserer ein "tank-slapper" ved å riste/svinge fort til venstre og høgre, får eg lett ein betydeleg oscillasjon i heile frontpartiet. Dette var det eg likte minst med min 29er HT, så det er litt skuffande å konstatere at det er slik på denne også. Kanskje alle 29ers er slik?

Uansett skal eg nok få mykje moro med denne på stiane i Trondheim.


Tor Hovland
Side 2 av 2 1 2

Moderator  support