Eg var ute å trilla på herr Klein i går kveld (
http://terrengsykkel.no/ubb/ubbthreads.php?ubb=showflat&Number=1460175&page=1)
På Ring2 ved Tøyensenteret (lyskrysset Hagegata) sykla eg ut i krysset i sykkelfeltet. Ein liten Citroen med vikeplikt, uten blinklys, svinga resolutt høgre inn i Hagegata og takla meg på vegen. Eg er stort sett like heil, 7-8 skrubbsår rundt på kroppen. Hjelmen sprakk ved tinningen.
Sykkelen har også klart seg imponerande bra.
-Fliten er heilt vraka.
-Kast i bakhjulet, har skaffa Mavic GP4/Dura Ace sidan sist.
-Hendlane har gått frå nesten "mint" til irriterande oppskrapa.
-Litt skraper her og der ellers.
Eg har meldt frå til politiet og fått navn/nummer til førar. Om eg skulle setje i gong forsikringssak på dette, kven kan takserere noko slikt? Korleis taksere kosmetiske skader på 25 år gamalt Shimano-utstyr. Styretape og hjelm er jo det einaste eg kan skaffa i butikk.