Så det gamle spørsmålet igjen frå ein førstereisgut på UB; skal eg ta med min lette Flash 26" over fjellet, eller skal eg sette ritthjulsett på min mykje artigare men ein smule tyngre Cube Stereo HPC 140 SL?
Sistnemnde klokkar inn til 13,3 kilo med originaloppsett med Hans Dampf inkl pedalar etc. Med lette hjul og passande dekk (feks X-king) skulle eg kunne strippe ein god kilo. Men, det er jo framleis minst 2,5 kg ekstra...
Målsetjinga er å komme heilskinna over fjellet, og ha det kjekt på vegen, men formen tilseier at 2500 klatremeter blir tungt nok uansett. Spørsmålet er difor om eg skal prioritere lettast mogeleg ferd fram til stipartia, eller meir moro/mindre juling når det drar seg til.