Etter eit par dagar på Fitjar har eg funne ein fin sti og i mangel på svar svarar eg meg sjølv: Ruta startar ved parkeringsplassen på Dalshaugane på austsida av Storavatnet. Sykle på grov T-merka traktorveg mot Ytste Sørlivatnet. 200 meter før du kjem til Sørlivatnet tek du til høgre på ein mindre sti. Denne stien er teknisk men artig! Blir litt bæring, men det meste er syklbart med litt trening. Forsett på denne stien heilt ned til riksvegen via Sæterbø. Sykle 1,5 km på asfalt tilbake til parkeringsplassen på Dalshaugane. Totalt ca 8 km.