Ein kamerat av meg har gitt meg temposykkelen sin. Det er ein 2007?-modell Monoc TC2 Concept (aluramme og -gaffel) med 105-utstyr og eitt år gamle Mavic Aksium hjul. Sykkelen har blitt brukt som transportsykkel(!), men det meste av utstyret er intakt (alt av slitedeler må bytast). I utgangspunktet insisterte kameraten min på å ikkje få noko i retur, men eg har lyst å gi han ei gåve i tilsvarande verdi. Kva kan denne sykkelen vere verdt på bruktmarknaden?