Hei, Bjorli - Åndalsnes t/r med ein avstikkar opp Isterdalen mot Trollstigen er flott.
Du kan også sykle (eller køyre) E136 frå Bjorli søraustover til Lesja sentrum (det går brukbar sykkelveg ved sida av E136 det meste av vegen). I Lesja sentrum kan du sykle Vestsidevegen sørover til brua ved Dombfossen, her kan du enten sykle opp til Dombås sentrum, så E6 ein km eller så sørover, og så opp på austsida av dalen langs Øverbygsvegen. Ved brua over Dombfossen kan du evt. halde fram vidare sørover dalen til vegen endar opp på E6 ved Toftemo, og så krysse E6 og vidare opp på den same Øverbygsvegen som eg nevnte ovanfor. Øverbygdsvegen kan du sykle vidare sørover til Dovreskogen. Dette er lite trafikkerte vegar som er svingete, småkuperte og mororsame å sykle.
Ved Dovreskogen kan du evt. halde fram langs E6 vidare nedover Gudbrandsdalen. Når du kjem til Nord-Sel kan du ta av frå E6, sykle over Selsruste til Ottadalen og vidare til Vågåmo. Her kan du sykle på nordsida av Vågåvatnet heilt til Fossbergom i Lom. Litt grusveg langs Vågåvatnet, men heilt problemfritt den gongen eg sykla der for eit par år sidan. I Fossbergom kan du gå på "Bakeriet i Lom" og kjøpe kanelsnurr
Mvh.
Sivert