Hallo. Skal skifte lager på min fox dhx 4, for at eg skal få på plass dei nye lagerene ser det ut til at eg må bytte ut den innerste ringen i begge festa til demparen. Må eg ha spesialverktøy til dette eller kan eg på eit vis banke det ut? Hadde det nye lageret berre passa inn i den ringen som er der frå før hadde saken vore enkel.
For meg ser det ut til å vere forholdsvis integret i demparen, men på dei nye lagera ser det ut til at den ytterste ringen skal "inn" der.
Den ringen eg snakkar om er "body eyelet" og "upper eyelet".