Treng litt tips for å fullføre denne. Ser etter fine håndbygg med Dura Ace nav, og ein meir autentisk svart setepinne (Svart dura ace?).
Sykkelen er 1991 (?), Klein hadde ikkje datering på rammenummer i den perioden. 92 hadde nye fontar og 31.6 setepinne! Rammenummeret er på kjedestaget. Herleg sjølvslysande raud/oransje. Det er lakka kvit, så gul, så raud på toppen for rette gløden. Litt problem med koking/oksidasjon av så tidlege alu-legeringar.
Dura Ace delene tyder på 1991, sidan det var første året med STI.
Oppsett no:
-Klein Quantum 63 cm.
-Full Dura Ace 74xx, 8 delt (den gruppa kom i 87-88).
-Cockpit: ITM Super Italia Pro2, 130 mm stem.
-New Ultimate 27.2 x 250 mm alu (hugsar ikkje heilt, men ca 90 gram, 10 år og fortsatt like fin).
-Midlertidig Ksyrium elite og Shimano 500 med Veloflex Roubaix
Har brukt denne til kvardagssykling ei stund, og det slår meg at det ikkje har skjedd så mykje på gir og bremser dei siste 20+ åra. Det andre som slår meg er kva som faktisk har skjedd på komfort. Her er det ikkje blyantsetestag, men solide rake alurøyr rett opp i ryggen. Inspirerande å sykla på, stiv monstersykkel. Diger, med overrøyr på 61 cm s-s og 63 cm s-s seterøyr. Go big or go home!
Tar gjerne imot tips på datering og hjul/pinne.