På skituren idag tok eg ein Petter Northug anno tremila i Sapporo, og trynte idet staven kom framfor skia. Reiste meg opp og gjekk vidare, men då eg var ferdig med turen oppdaga eg at skia var knukke rett bak tuppen. Sålen er ikkje skada, men tuppen heng og dinglar.
Er det mogeleg å fikse dette, eller er det berre å fyre i peisen med skia? Det som trengs er ei avstivning oppå og på sidene, ettersom sålen er like fin. Eg gjekk i over ein time etter tryningsen utan å oppdage at skia var knukke. Nokon som veit om det går an å fikse ski?