Vinteren nermar seg med stormsteg her oppe i nord. Har i den siste tida leika med tanken på å finne skigleda ein hadde med lærsko, Åsnes Super Telemark, orgeltrap, kamelpuklar og reipelykje. I dei tider gjekk det i 360 og salto. Ikkje f... om eg tore dette i dag med ntn. Mistenke det har litt med alderen å gjere og ikkje utsyret. Men men...
I denne forbindelse søke eg den gamle klassiske Asolo Extreme. Er det nokon som har eit par i str 43 som ikkje vert brukt, og ynskjer å selge, er eg veldig interessert. Grav godt i garasje eller bod, send dei til meg for ein passeleg kompensasjon.
Med litt trening blir det kanskje deltaking i eit mogleg meisterskap i
skitrehopping.