I 2007 sidan innsåg eg at hårfestet song på siste verset. Ein mann må jo ha hestehale minst ein gong i livet, og eg tenkte at dette var siste sjanse. Måtte spare i over eit år, og då det endeleg var langt nok måtte eg jo ha eit stylingprodukt. Brylcreem og hestehale passar saman som camping og danseband, og heldigvis eksisterte trademark "Brylcreem" framleis. Brylcreem var feitt, men ikkje fullt så feitt då eg skulle vaske håret. Det gjekk nemlig ikkje ut med shampo, og eg var nøydd å klippe Brylcreemen vekk. Dei har det på Meny, men du er herved advart!