Eg slengte nett på ei maskin med ekstremt surt treningsty., og ein kork Omo Color.
Eg har vel ikkje lese bakpå flaska før, men kasta eit blikk på den no, og om doseringa stod det:
Handvask¹: 30ml
Maskinvask²: 60ml
Hard vatn²: +30ml
Ekstra skittent²: +30ml
Full kork = 60 ml.
¹5L vatn
²3-4kg maskin
Så ein skal altså nytte ein full kork på ei greitt halv maskin? (Eg har 6kg maskin.)
Er ikkje det veldig mykje? Eg nyttar vel stort sett ein halv kork på 4-6kg, bortsett frå når ting er veldig flekkete, og sit alltid att med kjensla av at det er reint etter vask. (Noko min sambo, som har ein ekstrem luktesans når det kjem til sveitte/ulukt, kan bekrefte.)
Brukar de 'full dose' vaskemiddel når de vaskar kler som er brukt to-tre dagar på jobb?