Eg er på jakt etter ny telefon, og treng synspunkt frå andre som har plukka på fleire modellar enn meg.
Eg har per i dag Desire HD som eg er godt nøgd med. Likar både Android og HTC Sense.
Ny telefon må ligge på kring 3-4000,-, køyre Android, og vere noko mindre enn Desire HD.
Den bør vel også vere noko robust også, då den stort sett er med på alt av sykle- og joggeturar, samt anna som gjerne ikkje er heilt optimalt den den type leikety.
Og at det eksisterer (vasstett) sykkelfeste og armband er vel nesten eit krav. (Såframt telefonen i seg sjølv er vasstett – då er det godt nok med sykkelfeste som ikkje er vasstett..)
Eg har ikkje særs god kjennskap til kva som fins av telefonar på marknaden, men meiner å ha registrert at Sony Ericsson (heiter det framleis det?) har nokre modellar som med ANT+..
Eg tykkjer om storleiken til iPhone, men den køyrer iOS – noko eg ikkje finn så tiltrekkjande..
Kva seier juryen?
Fins det noko som tilfredsstiller mine krav?
Er det alternativt andre modellar, utan ANT+ eg bør kikke på?
Det skal vere kombinert jobb- og privattelefon.