Usikkert på om det er nokon igjen på forumet her i helga, men håpar det er litt liv likevel.
Har allereie bestilt meg ein
Scott Foil R2 levert tidleg neste vår. 2011-sesongen er jo uansett ferdig snart, så inga hast for meg sånn sett

Har lese det som er å oppdrive om den på nettet og ein kollega har testa den så vidt saman med leverandøren, så eg har fått litt tilbakemelding der òg, men håpte at nokon her kanskje hadde fått fatt i eit av eksemplara som allereie er tilgjengeleg her til lands og har litt nyttig/unyttig informasjon å kome med.
Kollegaen min meinte ramma verka ein god del stivare enn Addict-en; fullt Ultegra-utstyr er jo ikkje så mykje å utsetje på heller. Nokon som har erfaring med Mavic Cosmic Elite-hjulsetta?
For øvrig må eg seie at eg synes sykkelen er utruleg stilig og er godt nøgd med valet så langt!