Skal selje ein sykkel i morgon og har støtt på eit problem.
Eg er avhengig av å få tatt ytterbeinsservice på gaffelen (2010 RS Lyrik DH coil) før den overleverast. Men for å gjere dette må eg få av returskruen under demparbeinet. På andre RS gaflar har denne nesten komt ut av seg sjølv, men på Lyriken sit den heilt fast!!. Eg har fått av splitringen som ut i frå det eg kunne skjønne hadde som misjon å halde den på plass, men ikkje FA.. om den vil av. Ikkje ein gang med makt og vasspumpetang vil den av. Kan den rett og slett være korrodert fast?? Eller er det eit tjuvtriks som eg overser??


Nordfjord Grovsyklarlaug