Eg likar Asics Gel-Trabuco 13, som er ein grus/sti-sko for normal- til overpronasjon..
I tillegg har eg eit par Nike-sko meir retta mot grus, men som kjasmas er inne på, så festar det seg hyppig singel og småstein i sålen..
Eg anbefaler å besøke ein butikk som har litt peiling, og eit kurant utvalg, og teste fleire sko. Er dei seriøse (eller du treff riktig seljar) så får du låne med deg skoa ut på parkeringsplassen for ein joggetur fram og tilbake.
Kva sko som er best for deg er umulig å svare på med rein e-synsing.. Løpssteg, løpstrening og så vidare har mykje å sei. Ein rutinert løpar kan gjerne bruke lette "race"-sko til mengdetrening, men meg, som er tung i kropp og steg, samt ikkje er ein spesielt teknisk "flink" løpar tyr til "tyngre" sko.. (Med alt det medfører – positivt som negativt..)
Eg ser trenden blant triathleta i Bergen er relativt lavt heel-toe drop (9-10mm), og meir fokus på "forforløping". Det vert fort stressande for legg, og det er noko ein nok bør venne seg til over litt tid..
Men anyhows..
Snakk med kompetent seljar, finn noko som passar deg, og prøv ulike modellar, merker og eigenskapar. Pass på. Fort endar du opp med tre-fire-fem par joggesko i skapet..
