Eg la nettopp om til slangelaust på mine Bontrager Duster, etter mykje om og men og overforbruk av guffe fann eg ut at Stan's (gule) felgband ikkje var ideelt for Bontragers offset eikefeste, så la eg det gamle blå felgbandet utanpå det gule (fordi at det gule ikkje ville feste seg ideelt i felgen og guffa førte til at det gjekk opp i liminga).
Det blå felgbandet la seg fint som beskyttelse for det gule som sørgjer for tettinga. Stan's ventilar var og mindre ideelle for felgane, men kanskje med litt filing i det øvste holet slik at ein får ventilen godt nedi felgen vil fungere. Fikk tak i ein anna type ventil med avlang gummipakning som tetta bra (veit ikkje merke, dei kom ikkje i eigen forpakning), i motsetning til Stan's runde pakning som tetta dårleg.
Visste ikkje at det eksisterte eigne Bontrager slangelause felgband, må kanskje vurdere å skaffe dette! sparte 40 og 20 gram på hjula, total vektsparing 60 gram (kjører på Trek Remedy 7, 13,7 kg med pedal så ikkje så viktig med desse gramma

)..men håpar fordelen tar seg igjen i null punktering og lavt trykk, har ikkje testa oppsettet skikkelig i skauen endå, men det er no fortsatt luft i dekka
Så, kan du få tak i Bontrager felgband er det seff det beste, men her har du hvertfall ein metode som funkar med Stan's opplegg!
Kompressor er nok meget gunstig å bruke dersom ein ikkje har prøvd slangelaust før!