Selger 2008-modell, ubrukt ramme med styrelager, seteklemme og girøre.
Ramma vart tilsendt etter ein reklamasjon for nokre år sidan, men vart ikkje nytta til å bygge opp ny sykkel. Då eg har gått over til fulldempa og racer ser eg ikkje poenget med å bygge opp ein hardtail, dersom DU har eit ynskje om dette har du moglegheiten no

Geometri (forutan seterøret har eg målt sjølv)
litt usikker på kva som er relevant å vite, men dersom andre mål ynskjast er det berre å spørre!
Seterør: 22"
Overrør: 59,5 cm
Kjedestag: 42,5 cm
Krankhus: 76 mm
Ramma har brakettar for både V-og skivebrems.
Vekt er noko usikkert då eg ikkje har tilgang på kjøkkenvekt akkurat her og no, men kan framskaffast dersom det er viktig, men den er trippelbutted og AL6066-kvalitet.
Lett googling tilseier at ramma har ein nypris på omlag 6000,- dette kan sikkert bekreftast eller avkreftast av nokon som har vore i gamet lenger enn meg. Fleire bilder kan sendast eller eg kan prøve å legge opp på ei nettside eigna for formålet. Ramma er "handmade in Taiwan, designet in Europe" (sticker under kranken)
Kan hentast i Ås, eller leverast i Follo/Oslo/Østfold/Drammen. Kjøpar betaler frakt dersom den skal sendast.
Pris: 2000,- eller bud (over eller under)! første budrunde går til torsdag 30/6 2011 då eg reiser på ferie omtrent den dagen.