Sidan dette forumet har vist seg å ha løysinga på alt så kan eg jo like godt lodde stemninga her.
Saken er at eg er på flyttefot frå Oslo til Bergen. Eg søkte på arkitektskulen i vår, og kom inn til intervju der, men ikkje vidare derifrå. Sidan eg ønsker å forsøka å søka igjen neste år så vil eg bruka det følgjande året på noko som er relevant for studiane der, og noko som gir plusspoeng i søknadsprosessen er byggteknisk erfaring.
Så er det nokon her på forumet som jobbar i, eller kjenner til eit firma som kan tilby meg til dømes ein snikkarjobb eller noko liknande, sjølv om eg ikkje har noko fagbrev å visa til?
Andre tips og triks til korleis eg kan tileigna meg denne erfaringa mottas også med takk...


Andreas Tveit